The Pursuit of Happyness

Film · 2006 · · 30. januar 2007
4/5

Will Smith jakter på lykka som den fattige og uheldige Chris Gardner med pågangsmot i dette dramaet frå i 2006. Med seg har han Jaden Smith i rolla som sonen sin, ei rolle som burde vere greitt sidan han er den ekte sonen til Will Smith.

Chris Gardner går rundt og sel maskiner som måler beintettleiken på folk. Det er eit dårleg yrke som knapt får hjula til å gå rundt. Det går faktisk så dårleg at kona hans gir han opp. Han overtalar ho til at han er betre skikka enn ho til å ta vare på sonen deira. Så ein dag dukkar sjansen opp til å søke seg inn i ein kandidatposisjon hjå eit større askjemeklarfirma.

Filmen handlar som tittelen hintar til om jakta på lykka. Han handlar svært lite om lykka sjølv. Med sine to timar er det nok av tid til å få publikum til å bli tungsinna. For kvart steg Gardner tar så verka det som om han fer to tilbake, og slik går heile filmen. Det er ein slitsam affære å sjå kor mykje han må tåle, og korleis han alltid er på kanten til å mislykkast totalt. Men det får jo deg også til å tenke, på at det faktisk er folk som lev på så lite frå dag til dag.

Sjølv om han er litt for lang og slitsam, så er det eigentleg ein god film. Will Smith og Jaden Smith gir oss gode rolleprestasjonar som gjer inntrykk, historia sit djupt og er sterk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Pursuit of Happyness 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Will Smith (I)Jaden SmithThandie NewtonVis alle

Sjangrar

Land