The Quiet

Film · 2005 · · 28. desember 2015
3/5

The Quiet er ein type film du eigentleg ikkje har tenkt å sjå, men som dukkar opp til rett tid på rett plass.

Ei døv og stum jente har flytta inn i heimen til fadrane sine etter at faren har gått bort. Denne nye familien har ei mørk side som ho etter kvart blir klar over, samtidig er ikkje alt med ho som andre trur.

The Quiet tar eit grufullt tema og gjer si eiga enkle greie med det, som dekkar over alvoret og gjer formidlinga til ei dristig heller enn seriøs. Kunstnarisk fridom og alt sånt, men denne delen av filmen fall ikkje i smak. Resten av filmen er kurant. Særeigen stil og ei gradvis avsløring gir det akkurat nok driv.

På toppen er det med Elisha Cuthbert.

The Quiet 2005 plakat - Filmdagbok