The Rain

Serie · 2018–2020 · · 23. september 2020
3/5

Den danske Netflix-serien The Rain leverte ein god første sesong. Ideen som handlinga tar utgangspunkt i er at verda blir ramma av eit virus, som kjem med regnet. Ein dråpe er nok til å bli smitta. Det er difor livsfarleg å gå ute.

Verda er blitt ei dyspotisk ei. Mange er døde, og dei som lev må kjempe for ressursane. Så dukkar det opp eit håp i form av ny kunnskap.

Den andre sesongane er ein del svakare. Det er mindre ein dyspotisk serie som det var i første sesong, og faren som regnet utgjer er borte. Spenninga er borte. I tillegg dukkar det opp spesialeffektar som får denne og andre sesong av DARK til å verke som kopiar av kvarandre. Dette grepet er også sentralt for handlinga, utan at eg skal røpe meir.

Sjølv om andre sesong var svakare, var første så god at eg held på den høge rangeringa. Men tredje sesong er omtrent like svak. Det tek fem episodar før den seks episodar lange sesongen er komme i gang. Og så brått er det over.

The Rain byrja godt, med tok ei feil retning etter første sesong. Viss eg skulle rangert dette per sesong, så hadde første sesong fått 4/5. Mens både andre og tredje sesong ville ha fått 2/5. Det blir difor vanskeleg å gi ei rangering som står for totalen. Men det får bli midt i mellom. Likevel vil eg anbefale å styre unna The Rain. Sjølv om det er bra ei stund, vil du berre bli irritert i lengda på at det ikkje held fram å vere bra.

Les også ei melding på www.heavenofhorror.dk (dansk).
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
  • The Rain 2018-2020 plakat - Filmdagbok
  • The Rain 2018-2020 plakat - Filmdagbok
  • The Rain 2018-2020 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Alba AugustLucas Lynggaard TønnesenMikkel Boe FølsgaardVis alle

    Land