The Red Shoes

Film · 1948 · · 11. juli 2008
4/5

The Red Shoes hadde ingen skodespelarar eg var kjent med. Han er laga av to menn, Michael Powell og Emeric Pressburger, som eg knapt har sett ein film av tidlegare. Og filmen skulle handle om eit relativt uutforska tema for meg som er ballett.

Den første av dei ni filmane i samleboksen The Powell & Pressburger Collection eg såg var A Matter of Life and Death. Det var ein på mange måtar fin film som eg likevel ikkje klarte å engasjere meg i det store for. The Red Shoes blir såleis den første i samlinga som gir meg eit større ønske om å utforske samarbeidet mellom Michael Powell og Emeric Pressburger vidare.

Her handlar det om ballett. Moira Shearer spelar ballerinaa og Marius Goring spelar komponisten som blir tatt inn i varmen hjå den store ballettimpressarioen Lermontov (Anton Walbrook). Dei får stor suksess og som publikum får me oppleve store mengder av dansinga og musikken som er årsaka til suksessen.

The Red Shoes er ein svært rik film på inntrykk. Ideen omkring suksessen blir ikkje tatt for gitt, snarare delt. For å ikkje gjere dette for sært har hovudstykket me ser mest i frå blitt basert på eit eventyr av Hans Christian Andersen, som er lett å kjenne igjen.

Det eg gler meg mest over ved denne er fantastisk skodespel, Anton Walbrook viser mange sider ved den strenge Boris Lermontov og Moira Shearer har føter av fjør og ansikt som ein sukkerklump. At filmen sitt visuelle og fargesterke uttrykk er til å bite i kan eg heller ikkje nekte for, dette går sant saman med godt sminka skodespelaransikt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Red Shoes 1948 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Anton WalbrookMarius GoringMoira ShearerVis alle

Sjangrar