The Ref

Film · 1994 · · 9. desember 2013
3/5

Ein krimkomedie med Denis Leary, Judy Davis og Kevin Spacey.

Eit ektepar kranglar. Det er julaftan. Ein innbrotstjuv blir jakta av politiet. Deira vegar møtes og det blir alt anna enn ei normal julefeiring. Ekteparet blir gissel, men ting eskalerer til meir enn ein typisk gisselsituasjon.

The Ref er ein god film, morosam, men ikkje hysterisk. Hittil blant dei sette julefilmane i år er det den beste. Det han manglar i originalitet, hentar han inn med gode skodespelarprestasjonar, greie forvirringar og ei imponerande god julestemning i bakgrunnen av alt kaoset.

Filmen er sopass kurant at han fortener ei slags anbefaling. Så sant du trur du har sett alle dei beste julefilmane, og siktar inn mot det som berre er bra.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Ref 1994 plakat - Filmdagbok