The Rescuers

Film · 1977 · · 14. januar 2021
3/5

Januar 2021 har vore ein Disney-månad i heimen. Ein film eg aldri har sett før, er filmen med den norske tittelen Bernard og Bianca. Eg hugsar frå barndomen av at Disney promoterte oppfølgjaren The Rescuers Down Under. Så kjennskapen min til desse karakterane var på plass i forkant, og det var artig å få sett dei i opphavet sitt.

I The Rescuers så finn ei gruppe mus som kallar seg Rescue Aid Society, ein flaskepost. Rescue Aid Society held forøvrig til i FN-bygget, og er ein internasjonal organisasjon. I flaskeposten dei finn fortel ei ung jente at ho har blitt kidknappa. Gruppa vel å sende nokon for å redde ho, og det blir Bernard og Bianca.

Søken etter jenta tek dei på eit farleg eventyr over store avstandar. I løpet av filmen blir det avdekka at det finst ei heil verd for mus og andre småkryp like under nasen til menneska. Dette er artige innslag av koplingar som gjer at filmen er lettare å relatere seg til.

Når det gjeld teiknefilmen sin stil og tone, så er dette Disney på 1970-talet. Det betyr ein film med litt røff teiknestil, og eit preg av seriøsitet som ein kanskje ikkje ser i barnefilmar i dag. Alt sånt er ein del av sjarmen med å sjå eldre filmar, for å bli påminna om at det finst andre måtar å tenke på.

The Rescuers når ikkje topplista mi over Disney-filmar, men er fornøyeleg nok.

Les også meldingar på cinerama.no (norsk) og filmfenix.se (svensk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Rescuers 1977 plakat - Filmdagbok