The Return of a Man Called Horse

Film · 1976 · · 20. januar 2021
3/5

The Return of a Man Called Horse er oppfølgjaren til A Man Called Horse. Han kom ut seks år etter den første filmen. Vidare i dette innlegget vil eg avsløre slutten av den førre filmen, så stopp lesinga her om du har tenkt til å sjå A Man Called Horse.

Det har gått nokre år sidan John Morgan, spelt av Richard Harris, har forlatt Nord-Amerika og indianarstamma han var blitt del av. Men åra heime i England har gjort han utolmodig. Til slutt bestemmer han seg for å dra tilbake til folket han tidlegare var blitt del av.

Situasjonen for indianarane han skal tilbake til har derimot blitt dårleg. Eit angrep frå andre indianarar, motivert av nybyggjarar, har redusert styrken deira. Og dei gjenverande har blitt tvunge til å rømme. Det er dette John Morgan kjem tilbake til.

Trass i lik rangering som A Man Called Horse så trur eg at eg likte The Return of a Man Called Horse meir. Det har nok med at eg visste kva eg gjekk til av type film, og i tillegg blei positivt overraska over retninga historia tok. Men noko vurdering som ein sjølvstendig film er vanskeleg å gi, for så mykje i denne oppfølgjaren bygger på tidlegare hendingar.

Det eg kan sei ut frå dette er at The Return of a Man Called Horse er ein god oppfølgjar som fortener sin plass og å bli sett i samanheng med A Man Called Horse.

Og eg kjem til å halde fram vidare med Triumphs of a Man Called Horse når eg får sjansen.

Les også meldingar på www.rogerebert.com (engelsk) og every70smovie.blogspot.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Return of a Man Called Horse 1976 plakat - Filmdagbok