The Return of the Living Dead

Film · 1985 · · 7. juli 2011
3/5

Etter innkjøp av boka Book of the Dead: The Complete History of Zombie Cinema har døra til verda av zombiefilmar opna seg endå meir for meg. Boka tar for seg historia om korleis zombiar blei gjort populære og har utvikla seg i filmen sidan 1920-talet.

Return of the Living Dead-serien dukka opp i tankane igjen når eg las boka. Eg byrja med første film for fire år sidan, men kom aldri lengre. I tida framover skal eg følge opp gjensynet med den første filmen med dei fire neste installasjonane.

Return of the Living Dead er ein blodig og møkkete affære der dei levande står opp igjen på nytt og byrjar jakte på fersk hjerne. Nokon kjemikaliar som stammar frå militær forsking er årsaka til zombieoppstanden som ikkje blir så lett å stoppe. Zombiane i denne filmen er raske og relativt smarte, og difor er det greitt at folk er litt dumme i blant, dei har uansett ikkje sjans.

Return of the Living Dead blir god av at zombiane ikkje let seg stoppe. Dette fører til mange grufulle og blodige episodar, gjerne over kanten. Uhell og mislykka forsøk på å stoppe dei gjer at den komiske filmen blir balansert med ei mørkare side. Det er ikkje ein seriøs film på nokon måte, men han er heller ikkje tåpeleg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Return of the Living Dead 1985 plakat - Filmdagbok