The Rewrite

Film · 2014 · · 9. mai 2016
3/5

Ein tidlegare suksessfull manusforfattar frå Hollywood tar ein forelesingsjobb på eit college i Binghampton, i fråvære av andre relevante jobbar i Los Angeles.

Han går inn i den nye jobben med eit nedsettande syn på moglegheita til å kunne lære andre å skrive filmmanus. Me kan lett karakterisere han som ein fyr med haldninga til ein dritsekk, men i størst grad er han ein hyggeleg fyr det er lett å sjå potensiale for forbetring i.

Hugh Grant er midtpunktet, med blant anna Marisa Tomei som støttespelar. Med filmografien til Hugh Grant i minne er det lett å like han som ein smått overlegen fyr som kan hente seg inn i løpet av filmen.

The Rewrite nyttar alle kjente triks i boka for å gjere dette til både ein inspirerande lærerfilm, romantisk komedie og ei historie om å finne tilbake til sitt beste sjølv. Det gjer filmen på ein god måte, så god at han evnar å fengja heile vegen og mane fram gode emosjonelle reaksjonar frå meg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Rewrite 2014 plakat - Filmdagbok