The Rider

Film · 2017 · · 6. oktober 2020
4/5

The Rider er ein moderne westernfilm som viskar ut skiljet mellom dokumentarfilm og fiksjonsfilm basert på sanne hendingar. Brady Jandreau spelar Brady Blackburn, ei rodeostjerne som får ein alvorleg hovudskade under ein konkurranse. Livet hans i ettertid blir vanskeleg, men filmen har ein fin fordeling av alvor og fine stunder som gjer det til ei interessant forteljing, heller enn ei tung ei.

Det er livshistoria til Brady Jandreau dette bygger på, og fleire av dei medverkande i filmen spelar enten seg sjølv eller ein variant av seg sjølv. Dette gir eit ltit spesielt preg på filmen, men går heldigvis ikkje på bekostning av prestasjonane eller kvaliteten. The Rider står fram som ein film der historia kjem fram og karakterane er truverdige.

Mykje av det eg veit om livet i ulike deler av USA har komme gjennom filmar og serie, som drypp gjennom fiksjon. The Rider gir eit godt innblikk og går i djupna på ein del av USA og ein kultur eg visste om, men visste lite om. Og evna filmen har til å både fungere på eit overordna plan og gå i detaljane er så bra som det skal vere.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Rider 2017 plakat - Filmdagbok