The Right Kind of Wrong

Film · 2013 · · 9. oktober 2015
3/5

The Right Kind of Wrong er ein visuelt slåande film som på veldig godt vis klarar å etablere eit godt miljø rundt karakterane. Han gir inntrykk av å vere av filmatisk avgrensa art, der avstand og tid er ubetydelege faktorar, men samtidig er moglegheitene til karakterane uavgrensa. Ergo framstår filmen som intim og hyggeleg, men ikkje som kulisser med lågt budsjett. Dette var min første tanke då eg etter få minuttar starta å vurdere filmen. Tanken blei verande med meg heile vegen.

Historia i filmen er som følger. Ryan Kwanten har blitt fråskilt av ei som også har skrive ein negativ blogg, og så ei bok, om forholdet deira og alle feila hans. Men dette er berre bagasjen han har med seg. Handlinga går ut på at han blir forelska i ei dame, på bryllaupsdagen hennar. Og så set han i gang med å overtyda ho om å like han. Dette fell sjølvsagt ikkje i god jord hjå ektemannen hennar, og bagasjen til karakteren til Ryan Kwanten vil få følger.

The Right Kind of Wrong er ein artig film der romantikken er noko tona ned, og det passar godt. Det er humoren som fungerer best, sjølv om han verken er hysterisk eller eksempelet på originalitet. Originalitet har eg forresten ingen krav til uansett, men er eit ord eg brukar i samanliknar. Les det som at filmen innehar ein del klisjear, stereotypar, kjente episodar og kjent gang. Men alt er gjort på ein måte som fungerer. Til motsetning frå filmane der du må slite deg i håret på grunn av idioti.

Det betyr når alt skal bli oppsummert at filmen er god underhalding her og no, men sannsynlegvis ikkje særleg minneverdig.

IMDb-logo
The Right Kind of Wrong 2013 plakat - Filmdagbok