The Rock

Film · 1996 · · 11. mars 2007
4/5

The Rock er kallenamnet til den berykta fengselsøya i San Francisco Bay, og har vore utgangspunkt for mange populærkulturelle forteljingar. Clint Eastwood og Steven Seagal har besøkt øya i ulike filmar. Denne gongen er det Sean Connery og Nicolas Cage som leiar an mot Ed Harris og John C. McGinley i nasjonalt ærend.

Forutan desse kjente dukkar det opp ein drøss med andre kjente ansikt i denne spenningsfilmen som overraskar trass i tradisjonelle framstillingsmetodar. Ein eks-militær tropp stel rakettar og kjemiske våpen nok til å ta livet av ein merkbar del av San Francisco-befolkninga, og lagar seg ein base på Alcatraz. Der er dei klar til å presse ut 100 millionar amerikanske dollar av nasjonalstaten.

Overraskinga kjem på meg i form av ingen direkte usmakelege humoristiske vendingar som ofte øydelegg for spenningsfilmar. At regissøren Michael Bay klarar å køyre løpet ut er bra. Det er noko han i ettertid har mislykkast med i The Island, Bad Boys II og Pearl Harbor. I korte trekk blei ikkje dei negative forventingane mine til desse punkta innfridd.

Eg ser ingen grunn til å dra det meir ut. The Rock er skapt for å vere ein spenningsfilm, og serverer friske eksplosjonar og hårfine redningar. Er du på jakt etter realisme kan du sjå ein annan veg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Rock 1996 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sean ConneryNicolas CageEd Harris (I)Vis alle

Sjangrar

Land