The Rocky Horror Picture Show

Film · 1975 · · 26. april 2007
1/5

Musikalar er ofte enkle saker, med nokon gode songar kan du komme langt. Det finst sjølvsagt unntak, som musikalar med komplekse historier eller fengjande songnummer i dårlege musikalar.

The Rocky Horror Picture Show er av den siste typen. Når Brad og Janet punkterer bilen utanfor allfarveg søker dei hjelp i eit nærliggande slott. Slottet viser seg å vere fullt av transvestittar frå planet Transseksuell i Transylvania-galaksen.

Dette betyr at det blir pøst må med homoerotiske danserørsler av menn og kvinner i grufulle lærklede. Eg synst det var tåpeleg, men må innrømme at eit par av songane her var morosame og slo godt an på overdrivingar. Det gjorde derimot ikkje filmen, som det elles skjer lite av interesse i. Når eg er fan av at filmar har god handling blir det ein del gjesping.

Andre pluss med filmen er at ei ung Susan Sarandon spradar rundt i undertøy heile filmen, at Meat Loaf trekk seg tilbake etter eit enkelt songnummer, og at han har fine referansar til diverse kunstverk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Rocky Horror Picture Show 1975 plakat - Filmdagbok