The Rookie

Film · 2002 · · 8. august 2016
3/5

Ein vaksen mann er trenar for eit baseballag på vidaregåande skule. Dei er ikkje spesielt gode, i motsetning til kva han sjølv var. Men ein skade stoppa karrieren som proff. Og her er han med middels lønn på ein stad som ikkje har den største iveren for baseball.

Mannen, spelt av Dennis Quaid, har trass i den tidlegare skaden sin framleis ein god kastearm. Då han avslører denne for ungdommane han trenar, ender dei opp med eit veddemål som går ut på at han må prøve seg som proff igjen, dersom dei vinn det lokale meisterskapet.

Du ser fort kor denne filmen vil. Det er ein Disney-produsert sportsfilm, og dei tuftar seg ofte på positive utfall. The Rookie skyr ingen klisjear, og er dermed ein fin og trygg film. Det blir aldri den heilt store opplevinga, då mykje her verkar å komme veldig lett. Det kan vere ein kombinasjon av at eg har sett same historie fortalt med liten variasjon mange gonger før, og at The Rookie rett og slett er noko forhasta og følger ei oppskrift slavisk. Eg held ein knapp på det siste, då eg meiner ein skikkeleg god film ikkje blir prega av at andre filmar liknar.

Den største kritikken eg har til The Rookie er at han innimellom blir noko kjedeleg. Elles er det ein heilt kurant sportsfilm om å lykkast, som gjerne kunne ha handla litt meir om korleis, og ikkje verka så tilfeldig som han gjer.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Rookie 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Dennis QuaidRachel Griffiths (I)Jay Hernandez (I)Vis alle

Sjangrar

Land