The Roommate

Eg forventa ikkje det meste av The Roomate. Men eg hadde håpe at filmen skulle overdrive meir.

Filmen handlar om ei jente som byrja på college. Ho skal dele rom med ei anna jente, som viser seg å vere farleg klengete. Minka Kelly frå Friday Night Lights har hovudrolla, medan den forstyrra romkameraten blir spelt av Leighton Meester frå Gossip Girl.

Det går gradvis i byrjinga. Stemninga er på plass, og du merkar at alt ikkje er som det skal. Men så kjem me etter kvart så langt ut i filmen at ting bør byrje å skje. Og her skuffar filmen. Eg hadde nok forventa meg at det skulle bli meir som i ein tradisjonell skrekkfilm og thriller. Men me blir rett og slett altfor godt kjent med romkameraten, og det farlege ved ho blir ufarleggjort. Og så dør filmen ut.

Eg vil ikkje rå å sjå The Roomate. Han er verken skummel eller ufrivilleg morosam.

The Roommate 2011 plakat - Filmdagbok