The Russell Girl

Film · 2008 · · 25. desember 2015
2/5

Amber Tamblyn spelar ei ung kvinne som blir diagnostisert med kreft, og tar turen heimover for første gang på lenge, for å fortelja foreldra om sjukdommen. Årsaka til at ho ikkje har vore heime på lenge, er ei dyster fortid som involverer eit dødsfall. Ei forhistorie som filmen fortel gradvis, og som eg ikkje skal røpe.

Kreft, dødsfall, tilgiving, sorg og forelsking er alle tema i denne tv-filmen. The Russell Girl har som Hallmark-filmar flest eit mål om å vekke kjensler med sterke verkemiddel. Verkemiddel det er lett å fnyse av, men som fungerer. Berre ikkje så godt akkurat i The Russell Girl, som er ein tam film.

Ein tv-film er for meg ein film med avgrensa budsjett, ei føreseieleg historie og bruk av nemnde verkemiddel i fleirtal. Ein kombinasjon som kan føre til for mykje av det gode. Eit ekstra punkt som ofte gjeld Hallmark-filmar er kjente og gode skodespelarar, som etter mitt skjønn er eit trekkplaster.

Amber Tamblyn er ikkje personen med størst utstråling, og er som filmen litt tam. Verken ho eller andre klarar heilt å vekke så mange kjensler i den enn så opplagt sorgfulle filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Russell Girl 2008 plakat - Filmdagbok