The Santa Clause

Film · 1994 · · 12. desember 2011
2/5

Nissefilm med Tim Allen. Ordspelet med ein e på slutten av Clause legg føringa for handlinga og set standarden for den enkle komedien.

Styrken til The Santa Clause som julefilm er eit tydeleg tema. Det handlar om å tru på julenissen, og det blir klart tidleg i filmen. Resten av filmen blir du masa hol i hovudet om dette. I tillegg til får du dumpa over deg ei snøskuffe med spesialeffektar som umogleg kan ha sett heilt bra ut i 1994.

Scott Calvin (Tim Allen) blir til julenissen, men verken vil eller trur det sjølv. Før heilt på slutten av filmen. Sonen til Scott, Charlie heiter han, er aldri i tvil om at faren er blitt julenissen. Charlie blir ikkje trudd av dei vaksne. Før heilt på slutten av filmen.

Eg har aldri sett The Santa Clause samanhengande før. Eg har aldri hatt noko i mot filmen, heller ikkje etter å ha sett han. Men det blir for enkelt for meg. Det blir dill og dall og er i det heile ein fattig film. Målgruppa er nok heller ikkje meg og likesinna. I grunn synst eg filmen sender dårlege signal. At Scott som prøver å hjelpe ein person blir straffa er ein skremmande moral. For å bli feit og skjeggete er ei straff. For barn som i utgangspunktet er redd julenissen må det vere reine skrekkfilmen.

Men eg kjedar meg aldri. Forventingane var små, og fallhøgda såleis låg. Eit par scener er morosame, og resten er helt ok.

IMDb-logo
The Santa Clause 1994 plakat - Filmdagbok