The Savages

Denne historia var eit familiedrama om det ekte livet. Det handlar om to middelaldrande vaksne som ikkje har kontakt med faren sin. Han bur på andre sida av landet, og held sakte, men sikkert på å utvikle demens. Då kjærasten til faren døyr, må dei komme og hente han, og ta han med heim igjen.

Dei plasserer han på ein pleieheim. Men det blir stressande for alle. Dottera Wendy, som har ein affære med ein gift mann, lykkast ikkje så godt å skrive skodespel. Sonen Jon er ikkje gift, og bryr seg lite om at opphaldsløyve til kjærasten er i ferd med å gå ut.

Begge dei vaksne ungane til faren må støtte seg på kvarandre for å kunne ta vare på faren.

Filmen har ein humoristisk tone. Det er ikkje eit tungt drama. Skodespelet var godt. Både Laura Linney og Philip Seymour Hoffman levere gode prestasjonar slik dei pleier.

Dommen er at skodespelet og historia byr på ein god total, og gjer det underhaldande nok.

The Savages 2007 plakat - Filmdagbok