The Searchers

Film · 1956 · · 27. august 2007
4/5

The Searchers skal visst vere ein av dei betre filmane med John Wayne, regissert av John Ford. Eg kan skrive under på at han er god.

Filmen strekk seg over eit større tidsrom på ein roleg og elegant måte som rettferdiggjer endringane i forholdet hovudkarakteren Ethan Edwards (John Wayne) har med niesa si. Niesa blei tidleg kidnappa av indianarar og er årsaka til søket i første omgang.

John Wayne er godt plassert, men står på ingen måte åleine. Jeffrey Hunter som spelar stenevøen Edwards taklar overgangen frå ung og ivrig til meir reflektert på ein god måte. Handlinga er stabil og blir aldri kjedeleg. Dessutan er alt filma i flotte omgivnader som skapar ei passande stemning.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Searchers 1956 plakat - Filmdagbok