The Secret Circle

Serie · 2011 · · 26. april 2013
3/5

Cassie (Britt Robertson) opplever eit tragisk dødsfall i familien og flyttar til Chance Harbor for å bu med bestemora. Ho oppdagar snart at ho har overnaturlege krefter, og møter andre ungdommar som seg sjølv. I lag så dannar dei ei gruppe.

Serien gjekk ein sesong på The CW, men sjåartalet gjekk nedover, og serien blei avlyst.

Bak The Secret Circle står blant anna Kevin Williams som produsent. Han er ein mann med tilknyting til både Dawson's Creek og Scream-filmane. The Secret Circle er ei blanding av desse to sjangrane, og Britt Robertson spelte forresten i Scream 4.

Sjølv med nokon opne trådar på slutten, med tanke på ein eventuelt ny sesong, er første og einaste sesong av serien samanhengande og avsluttande nok til å ha eigenverdi.

Serien oppnår ikkje å komme nok under huda på karakterane, slik som Dawson's Creek. Det manglar også eit skikkeleg særpreg, ein ting som blir det eigne for serien og til å kjenne han att på.

På ein skala ligg serien over gjennomsnittet. Det er stort sett artig å følge med på, fordi den raude tråden er interessant. Det er få episodar som berre skal fylle tida. Det vesle ekstra manglar nok, og eg blir aldri fullstendig hekta. Men eg kosa meg.

IMDb-logo
The Secret Circle 2011 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land