The Secret Life of Pets 2

Eg følgde opp The Secret Life of Pets med å sjå The Secret Life of Pets 2 like etterpå. Denne filmen er mykje lik den første, men for min del kom han godt mogleg kom ut av det som ein betre film på grunn av senka forventingar.

Det handlar framleis om hunden Max. Men i denne filmen har Patton Oswalt stemma hans. Louis C.K. var bytta ut.

Kva handlar så dette om? Max må overvinne frykt som han har fått etter at eigaren hans fekk barn. Og ein tiger blir kidnappa frå eit sirkus, og dyra må halde tigeren i skjul.

The Secret Life of Pets 2 er ein overfladisk animasjonsfilm. Det er ein type film som er artig der og då, og kan by på litt lett latter, men som ikkje har noko særleg innhald til ettertanke. Historia eller historiane utmerkar seg heller ikkje, og blir lett gløymt.

The Secret Life of Pets 2 2019 plakat - Filmdagbok