The Secret Life of Pets

Snakkande dyr på ville eventyr er greia i animasjonsfilmen The Secret Life of Pets.

Eigaren til hunden Max tar inn ein ny hund i leiligheita. Den rufsete og store hunden Duke og Max kjem ikkje overreins frå første stund. Men dei må setje tilside uvenskapen for å hindre ei kanin med ein gjeng i å skape trøbbel.

Det er ikkje mange dagane sidan eg såg denne filmen når eg no skriv innlegget, men likevel er mesteparten av handlinga gått i gløymeboka. The Secret Life of Pets er ein underhaldande film der og då, men stikk ikkje djupt. Det er lett å humre til dei karikaterte dyre som gjengir mange kjenneteikn til ekte dyr. Men filmen manar ikkje til ettertanke på noko vis.

Eg følgde opp filmen med å sjå The Secret Life of Pets 2 like etterpå. Ein film som inntek akkurat same posisjon som denne, men som godt mogleg kom ut av det betre på grunn av senka forventingar.

  • The Secret Life of Pets 2016 plakat - Filmdagbok
  • The Secret Life of Pets 2016 plakat - Filmdagbok