The Secret of My Succe$s

Film · 1987 · · 1. april 2010
3/5

Ein ung, ferdigutdanna mann flytter frå ein gard i Kansas for å byrje i ein god jobb i storbyen New York. Når han kjem dit blir han møtt av ei umiddelbar oppseiing, og må ty til ein fjern slektning for å sikre seg ein annan jobb, på det interne postrommet i bedrifta.

Michael J. Fox spelar den unge mannen, Brantley, som ikkje har tålmod til å jobbe seg helt frå botnen av og oppover i selskapet, som slektningen hans onkel Howard styrer. Nyutdanna frå college innanfor forretningsdrift, har Brantley det som skal til for ein utfordrande kontorjobb i dei øvre etasjane. Men han manglar erfaring.

The Secret of My Succe$s ligg nære å vere ein forviklingskomedie. Brantley tar etter kvart på seg ein ny identitet som styremedlem i selskapet, og lurer både sjefen på postrommet og onkelen sin. Og det er i grunn det filmen handlar om, å snike seg rundt for å gjere det du brenn for, og samtidig måtte unngå å bli avslørt.

Filmen blir så god som det er av fleire grunnar. Han har fleire relevante poeng omkring tilsetjing i jobb, sett opp mot ønske om at du har erfaring, og kor langt du kan komme ved å skaffe dei rette kontaktane eller utnytte et kaotisk system, som her er et uoversiktleg selskap. Michael J. Fox har utstråling og ein jordnær person som får Brantley til å verke akkurat passe truverdi i rolla si. Ei blanding av humor og ei historie som kan motivere, fungerer godt i lag her.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Secret of My Succe$s 1987 plakat - Filmdagbok