The Sense of an Ending

Film · 2017 · · 10. juli 2021
3/5

På jakt etter sjåverdige filmar blant tilbodet til RiksTV, dukka The Sense of An Ending opp som ein potensielle kvalitetsfilm i mengda. Ofte er det plakat, tittel, skodespelarar og eit veldig kort oppsummering av filmen som bestemmer.

Og The Sense of an Ending er ein god film, som godt kan seiast å vere ein kvalitetsfilm. Det er ein film med gode karakterar som utviklar seg, og ei fin historie.

Det handlar om ein eldre mann som får vite at han har arva noko. Men ein annan person vil ikkje gi vekk arva. Dette er med på å trekke han inn i mimring over ting han gjorde og sa i ungdommen, og folk han kjente og møtte.

Kva som skjer i historia er så viktig for å la seg underhalde av filmen, at eg styrer unna vidare avsløringar. Men eg kan nemne at ting ikkje alltid var som mannen trudde. Dette og måten filmen gradvis gir litt og litt av seg på, er det som driv filmen.

Jim Broadbent er ypparleg som ein eigen eldre mann, som ikkje har evna så altfor godt å sjå dei rundt seg. Resten av figurane gjer også gode rollar, men det er nok ingen som stikk seg ut og forbi hovedpersonen. Alle gjer likevel jobben sin.

The Sense of an Ending er ein film du trygt kan sjå, og kanskje hygge deg med også. Det er ikkje ein film som utmerkar seg spesielt i mengda, til det skulle ha ha vore betre, rett og slett. Men eg likte han likevel.

Les også meldingar på p3.no (norsk) og gavinsgaming.wordpress.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Sense of an Ending 2017 plakat - Filmdagbok