The Sentinel

Film · 2006 · · 20. august 2006
3/5

Det er duka for eit Washington D.C.-drama i beste 1990-talsånd.

Handlinga er ikkje så oppfinnsamt: Secret Service finn ut at nokon har planar om å drepe presidenten, og at det er ein moldvarp i organisasjonen.

Pete Garrison (Michael Douglas) blir skulda for å vere det svarte fåret, og må rømme sin veg. Han må etterforske på eiga hand for å løyse saka. Det er duka for skrensande bilar på grusen og mykje blålys, mange telefonsamtalar og Eva Longoria som uerfaren Secret Service-agent.

Etter å ha lese eit kort handlingsreferat var eg tvilsam til kva nytt denne filmen kunne gi meg. Men sidan denne type film som regel betyr ei akseptabel spenningskurve sette eg meg ned med vaflar og syltetøy. Vaflane var gode, og det filmen også. For dei med trent syn for detaljar går det an å skilje ut tidleg nok kven moldvarpen er, og sjølv hadde eg eit par kandidatar eg følgde nøye.

Alt i alt, med låge forventingar og ein overraskande spennande film må eg sei at eg likte The Sentinel rimeleg godt. Det er ikkje favorittsjangeren min, noko som tilseier at eg ikkje ser filmar lik denne så ofte, og heller ikkje er mett på dei. For ein anti-amerika-person vil dette kanskje vere litt for typisk, men eg skyv alle politiske kjensler til sides når eg har lyst på pur action, så slikt var ikkje noko problem her.

Deler av handlinga kan likevel vere hakket for mykje. Blant anna forholdet Pete Garrison har med kona til presidenten.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Sentinel 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Michael Douglas (I)Kiefer Sutherland (I)Eva LongoriaVis alle

Sjangrar

Land