The Shack (2017)

Film / 19. januar 2019
2/5

Dramaet The Shack frå 2017 er ein film som har vore på mi ønskjeliste sidan han kom ut. Med tid og stunder har eg gløymt kvifor eg skulle sjå han, men eg håpa uansett på at det var eit godt drama. Når eg endeleg no såg han, var det utan å vite noko som helst om handlingsforløpet, kven som var med, eller kva som skulle gjere filmen bra.

Eg skal ikkje gå rundt grauten, eg er djupt skuffa over filmen. Det er ein av dei kjedelegaste eg har sett på ei stund. I tillegg er dette mest ei religiøst prega historie, noko eg kunne ha orientert meg om i førekant. Men eg likte det uansett ikkje når eg først enda opp med å sjå filmen med blanke ark.

Det byrjar og sluttar som ein god og interessant film. For å nemne den kjedelege delen av filmen, er eg nøydd til å kome med ein røpealarm før neste avsnitt.

Den kjedelege delen av filmen er òg den største delen av filmen. Ei stund ut i handlinga kjem vår hovudrolle til skuret i filmen, der han vil møte Gud. Dette fekk me vite allereie i innleiinga, men ikkje på kva måte. Det som skjer er at han i skuret blir møtt av Jesus, og følgjer han gjennom skogen frå vinter til sommar, til eit hus ved eit vatn der Gud og Den heilage ande er. I lang tid framover består filmen av pjatt mellom dei fire, og det held på å ta knekken på meg.

Det er synd, då både det som skjer i den verkelege verda i byrjinga, og avslutningen på filmen, kunne ha vore råme for ei langt betre historie om ei forsvinningssak eller eit mord. Men det er nok ikkje det filmen er meint å vere.

Mi anbefaling går på å styre unna The Shack.

The Shack 2017 plakat - Filmdagbok

Regi

Stuart Hazeldine

Manus

John Fusco, Andrew Lanham, Destin Daniel Cretton, William P. Young, Wayne Jacobsen, Brad Cummings

Skodespelarar

Sam Worthington, Octavia Spencer, Tim McGraw, Radha Mitchell, Megan Charpentier, Gage Munroe, Amélie Eve, Avraham Aviv Alush, Sumire, Alice Braga

Sjangrar

Drama, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Shack

Forfattar