The Shipping News

Film · 2001 · · 15. januar 2016
3/5

The Shipping News er blant dei kaldare og dystrare filmane til Lasse Hallström. Kevin Spacey spelar ein innleiingsvis patetisk fyr som etter kvart flyttar med dottera si og ei tante til Newfoundland. Til ugjestmild natur, men eit inkluderande lokalmiljø. Årsaka er noko slikt som ny start etter ei dårleg tid.

Om det er ein raud tråd i filmen så er det å overkomme sorg. Utover det så er dette meir ei skildring av det daglege. Eventuelt det nye daglege for vår hovudrolle, som på sett og vis får nytt mot.

Eit eller anna med det våte og kalde miljøet gjer at framgangen får ei meir imponerande tyding. Det blir i retning av at gode ting skjer til trass i det. Og trass i den dårlege forhistoria til karakterane.

Mange av filmane til Lasse Hallström går føre seg i idylliske omgivnader og har varme farger. The Shipping News er det stikk motsette. Måte å bygge opp filmen på og alt sånt er gjenkjenneleg og fint, og gler meg fordi det var blant mine voner. Samtidig gler det meg også å sjå ein litt annan vri på geografien enn eg har gjort hittil. Det blir ingen ny favoritt, men er ein film som vippar mellom god og endå betre.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Shipping News 2001 plakat - Filmdagbok