The Shootist

Film · 1976 · · 2. september 2018
4/5

Den legendariske John Wayne byr på ei flott og diskret framstilling som J.B. Books, ein aldrande pistolmann som lid av magekreft og som ikkje ønsker noko meir enn å leve sine siste dagar i ro og mak.

Så er det sånn at heile greia med å vere ein pistolmann, er at om du er blant dei beste eller på topp, så vil det alltid kome nokon å utfordre deg for å ta plassen. Så pensjonisttilværet til J.B. Books kjem ikkje til å bli så roleg likevel.

Ved sidan av denne delen av handlinga, så byr filmen på ein vaksen romantikk mellom J.B. og Bond, kor sistnemnte er spelt av Lauren Bacall. Vennskapen og mentorrolla han får for Gillom (Ron Howard) spelar også ei sentral rolle. I tillegg dukkar James Stewart opp i ei fin birolle som doktoren til J.B.

The Shootist er ein god film som eg kan anbefale.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Shootist 1976 plakat - Filmdagbok