The Shop Around the Corner

Film · 1940 · · 3. mai 2008
4/5

Eg var ikkje klar over det, men You've Got Mail frå 1998 med Tom Hanks og Meg Ryan er ei nyinnspeling av den klassiske perla, The Shop Around the Corner frå 1940. I originalen, som eg nyleg har sett, har me James Stewart i herrerolla som Alfred og Margaret Sullavan som Klara. Dei korresponderer med brev med kvarandre utan å vere klar over at dei er kollegaer i den same butikken, som forresten ligg i Budapest. Forholdet mellom desse to i butikken er det motsette av kva breva betyr for dei, noko som på si side gjer dette til ein film du lett får tak på ideen til.

Samtidig handlar det ikkje berre om desse to. Tittelen styrer dette inn på ein butikk som framstår som like viktig for framdrifta og gangen i handlinga i filmen som forholdet mellom Alfred og Klara.

I den skapte atmosfæren får både komedie og drama godt rotfeste, i ei godt porsjonert blanding som gjer dette til ein film med god kjensle. All handling er ikkje avgrensa til butikklokale. Det seier seg at det står på dialog og skodespelarprestasjonar i omgivnader som me blir servert i The Shop Around the Corner, ettersom dei er statiske og ikkje særleg spennande. Dette blir igjen kompensert med høgt tempo, orda flyg fram og tilbake i toppfart, utan å bli slitsamt takka vera små pusterom.

James Stewart gjer ei storarta rolle, om ikkje den han har gjort så iallfall der oppe. Han var grunnen til at eg såg filmen og spelte såleis ei viktig rolle for i kva grad dette skulle lykkast å bli underhaldande for underteikna. Dette sagt, resten av persongalleriet følger tett opptil. Kanskje spesielt Felix Bressart som familiemannen Pirovitch. Han bidrog til stadig latter kvar gong han raskt forsvann når det blir bedt om ærlege meiningar i butikken.

Oppsummert er dette ein god film. Kanskje då spesielt for meg som er ute etter dei betre filmane til James Stewart og morosame, dialogvittige romantiske komediar og drama frå gammalt av.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Shop Around the Corner 1940 plakat - Filmdagbok