The Silence of the Lambs

Film · 1991 · · 23. juli 2015
4/5

The Silence of the Lambs handlar om ein ung og blivande FBI-agent som blir henta ut frå akademiet for å hjelpe til med ei etterforsking. Ein seriemordar som går under kallenamnet Buffalo Bill, fordi han flår ofra sine, herjar nesten fritt. Den unge og lovande er Clarice (Jodie Foster). Ho blir sendt til fengselet der ein lynande intelligent og ekstremt farleg Hannibal Lecter (Anthony Hopkins) er innsett. Håpet er at han har innsikt som kan bidra i saka.

Dette er ein knallbra film, lat det vere sagt. Og det er mykje som gjer sitt til at han er det. Av det eg la merke til og vil nemna på rekke og rad er: Anthony Hopkins gjer ei minneverdig framføring av Hannibal Lecter. Filmen brukar nærbilde av ansikt i stor grad, både på gode og vonde personar, og dette gjer noko med meg.

Jakta på Buffalo Bill er spennande. Ho er gjennomført på eit vis at etterforskarane framstår som smarte, men ikkje overmenneske. Mange ting blir late vere svart på med ein gong, og krev at du er aktiv publikum om du ikkje vil sjanse på at svaret kjem seinare. Eg vil kalle det ein film som gir påskjøning for å følge med.

Stemninga og den generelle framtoninga til filmen er litt grå og skiten, men ikkje for stilisert. Om det var meininga eller ettertida som har sete sitt preg, så gjer det iallfall sitt til at ingenting perfekt og pent på bildesida, enten gritty eller glatt, dekkar over den grufulle historia.

Dette var mitt første gjensyn med The Silence of the Lambs sidan 2006. Det er sjeldan eg blir så involvert og begeistra for å sjå ein film eg likte godt igjen. Forventingane til å få den same gode opplevinga står ofte i vegen for det. Men det skjedde ikkje denne gongen.

Les også ei melding på www.plottwist.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Silence of the Lambs 1991 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land