The Simpsons Movie

Film · 2007 · · 28. juli 2007
3/5

Den spesielle amerikanske familien i The Simpsons har etter 18 år på tv fått sin eigen film. Store mengder med små klypp frå filmen har florert internett i fleire månader no, så det er ikkje å overdrive når eg uttrykker at han har vore svært etterlengta.

Umiddelbart innfridde ikkje The Simpsons Movie. Eg sakna det som skulle gjere dette til ein skikkeleg film, og ikkje berre ein forlenging av tv-formatet. Men så kan det hende eg sat med feil innstilling? Nei, film skal vere film. Dessutan verka det som flesteparten av dei morosame vitsane og poenga allereie var oppbrukt i tallause versjonar av filmtraileren. Eg føler meg litt lurt når eg forventa desse berre skulle vere små dråpar av eit større hav.

Filmen gjekk i altfor svingande kurver. Strukturen var for enkel. Samfunnskritikken dei fyrte av var grei nok, men sat ikkje spesielt djupt. Og dei små bitane med sentimentalt drama var heller tradisjonelt.

The Simpsons Movie gav inga skikkeleg god kjensle i ettertid. Det heller mot retninga av ein typisk eldre episode. Morosam å sjå, ferdig med det. I samanlikning med mange andre komediar gav den derimot god latter for pengane. Og eg lyg om eg påstår eg ikkje likte han. Forvent derimot ikkje for mykje.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Simpsons Movie 2007 plakat - Filmdagbok