The Singing Detective

Serie · 1986 · · 5. februar 2012
4/5

Det er utruleg korleis nokre seriar verkar å vera utruleg kjedelege ved første augekast, men så viser det seg at det er fordommar, dårleg tidspunkt dei er prøvd sett på, eller generell mangel på tolmod som spelar inn.

The Singing Detective var ein av desse seriane som ikkje slo an når eg første gong byrja på første episode. Eg la dermed ideen om å sjå serien på is, og starta først nyleg opp att.

Og ved dette nye forsøket og då gjensynet med første episode fall dette meir i smak. Faktisk ganske godt i smak.

Michael Gambon spelar ein privatetterforskar i denne musikalske krimserien frå BBC. Ein annan fin vri er hallusinasjonane til karakteren hans, som livar opp dette. Kvardagen i serien er tilvera til ein forfattar som sjuk, og dei spennande innslaga er fantasien hans. Dette gjev rom for kontrastane mellom ein harsk røyndom og ei fargerik draumeverd.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The Singing Detective 1986 plakat - Filmdagbok