The Sitter

Film · 2011 · · 15. april 2012
3/5

The Sitter med Hollywood-yndlingen Jonah Hill er eit enkelt samansurium av halvgode vitsar og lett action. Pineapple Express-regissøren David Gordon Green fører ei stødig hand på den lite utfordrande og rett fram filmen.

Som ein moderne versjon av Adventures in Babysitting, 1987-filmen med Elisabeth Shue, handlar The Sitter om ein kveld på ville vegar. Dryg språkbruk er forsøket på å vere tøff, men for lengst oppbrukte karakterar og spenning på nivå med sursild blir hinder.

The Sitter kan verke å avsky sin eigen handling. Dei gongene det er i ferd med å skje noko bra tar det ikkje lang tid før me må vidare til neste innslag. Inntrykket er at innslaga kjennest tvinga inn på. Effekten er at filmen berre får skrape i overflata.

Judd Apatow-filmane har blitt kjent for å skape gode karakterar og mane fram kjensler. Bidraget til David Gordon Green står i kontrast med sine flate karakterar. Årsaka til samanlikninga er dei same skodespelarane som går att og ei ofte rølpete form for humor.

Resultatet av The Sitter har ikkje med forventingane mine til filmen å gjere, men av forventingane mine til film generelt. Det er kjent at film ikkje blir betre, men vil halde fram å variere i kvalitet og utbytte som det alltid har gjort. Likevel blir eg skuffa over at til og med dei enklaste filmane ikkje er meir perfeksjonert. Dei kan innehalda så lite som dei vil, men dei burde kunne manipulere nok til å gi illusjonen av underhaldande 90 minuttar.

Eit stykke på veg er me. Eg lét meg forføre til midten av skalaen. Dette var mest i håp om at filmen skulle komme i gang og bli betre, men halvveges uti var løpet køyrt. Siste halvdel gjekk mest på at eg ikkje hadde betre å finne på, og trass i alt hadde betalt for filmen.

Ein heller artig observasjon som er på kanten til for opplagt å ta med er teaser-plakaten. Heile filmen spelar på at Noah (Jonah Hill) ikkje ønsker å vere barnevakt. Plakaten spelar på at dette er ei teneste han yter til dei som måtte ringe han. Villeiande marknadsføring er ein ting, men eg ville heller gått for å sjå Jonah Hill som ufrivillig barnevakt enn frivillig.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Sitter 2011 plakat - Filmdagbok

Sjanger

Land