The Small One

Film · 1978 · · 24. januar 2021
3/5

The Small One er ein kort Disney-film på under halvtimen. Det handlar om ein far og ein son som har eit gammalt esel. Eselet er ikkje bra nok til å gjere dei tunge jobbane lenger, og faren vil kvitte seg med det. Men det vil ikkje sonen. Til slutt må likevel sonen ta eselet med til Jerusalem for å selje det. Det blir vanskelegare sagt enn gjort.

Dette er ein fin og litt morosam animasjonsfilm, som også kan bli alvorleg når det er snakk om skjebnen til eselet. Det er litt rørande i og med at det er vondt for guten å skulle skilje seg med dyret han har vakse opp med. Og eselet er ein fin karakter i seg sjølv, med smarte trekk som er verdig ein dyrefigur i ein Disney-film.

IMDb-logo
The Small One 1978 plakat - Filmdagbok