The Social Dilemma

Film · 2020 · · 12. april 2021
3/5

Filmen The Social Dilemma som kom på Netflix i 2020 utgir seg for å vere ein hybriddokumentar. Ordet er nytt for meg, men utføringa er ein gammal kjenning: The Social Dilemma blandar interjvu og innslag med eksempel som er fiksjon.

Med ein dokumentar er det alltid mange spørsmål som dukkar opp. Kven har laga dokumentarfilmen? Kven har interesser av det som blir formidla? Kor nyansert er det som blir formidla? Er innhaldet på nokon måte sant? Og så vidare. Det er rett og slett så mange spørsmål at eg i stor grad ikkje er så glad i den type dokumentariske kategorien The Social Dilemma hamnar i.

Eg er nok meir glad i naturdokumentarar og historiske dokumentarar, sjølv om desse også har sine avgrensingar. Mens The Social Dilemma er ein meir tematisk dokumentarfilm.

Alt dette sagt om sjangeren, så kunne eg med The Social Dilemma setje pris på at filmen gjorde meg merksam på ulike tema og spørsmål. Litt teknisk innsikt byr han på og. Om noko er bra, dårleg, sant eller ikkje blir mindre viktig for min del, då eg tek utgangspunkt i at dette fullt ut kan vere ei rotete blading av meiningsytring.

Les også ei melding på agendamagasin.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Social Dilemma 2020 plakat - Filmdagbok