The Social Network

The Social Network er ein film som gir oss ei vinkling på historia om Mark Zuckerberg, mannen bak Facebook.

Filmen er regissert av David Fincher, som har peiling på kva han driver med, og som lagar ein god film ut av dette. Det viktigaste er den sentrale karakteren, som har både ei drivkraft og ei djupne, og dermed blir interessant nok til at dette går.

Uavhengig av detaljar, fakta og faktisk historie, så fungerer dette altså godt som ein film. Diskusjon omkring det å lage eit stykke oppdikta arbeid ut av livet til ein fyr som framleis held på med dette, er kanskje på sin plass, men ikkje ein eg vel å ta her.

Aaron Sorkin er ein meister i å levere interessante dialogar, og står bak manuset her. Han og David Fincher er ein god duo, og resultatet er ein god film som eg trygt kan anbefale.

The Social Network 2010 plakat - Filmdagbok

Publisert

30. desember 2010 av

Regissør

David Fincher

Manusforfattarar

Aaron Sorkin, Ben Mezrich

Skodespelarar

Jesse Eisenberg, Rooney Mara, Bryan Barter, Dustin Fitzsimons, Joseph Mazzello, Patrick Mapel, Andrew Garfield, Toby Meuli, Alecia Svensen, Jami OwenVis alle 191 skodespelarar

Sjangrar

Biografi, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Social Network