The Song

Film · 2014 · · 23. juli 2016
2/5

Eg visste nok ikkje kva eg gjekk til då eg sette i gang med The Song. Mitt inntrykk etter å ha lese eit kort samandrag var at dette var eit romantisk drama med innspel av musikk.

The Song er dette, men også ein svært kristen film som openlyst vil preike om religion. Dette er håplaust og irriterande, og eg fullfører berre filmen då musikken er kurant når du ikkje lyttar så nøye på tekstene.

Det handlar om ein artist som er den streite og kristne fyren, men ikkje klarer å motstå freistingane som kjem av å bli suksessrik. I typisk kristen ånd rakkar filmen ned på alt som er individualistisk og godt, og påstår at det får følger som narkotikamisbruk og liknande.

Hadde ikkje filmen vore god innimellom, så kunne dette blitt ein morosamt dårleg film, men det endar opp med å vere ein lur og vond sak med formidlingar og poeng som eg antar mange vil oversjå, men ta til seg.

IMDb-logo
The Song 2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Alan Powell (VI)Ali FaulknerCaitlin Nicol-ThomasVis alle

Sjangrar

Land