The Sopranos

Serie
1999–2007
4/5

The Sopranos var serien som gjorde meg interessert i seriar. Det var den første serien eg kjøpte, som viste meg at seriar kunne ha minst like god produksjonskvalitet som ein film, og gjerne betre karakterar. Eg var framleis ung, og hadde ikkje sett all verda i forkant heller.

Ettersom det utvikla seg til å bli ein av mine favorittseriar gjennom tidene, burde eg ha skrive ein meir omfattande tekst. Ein som i større grad kunne vise begeistringa mi for serien når han var på topp, og meir nøyaktige forklare kvifor eg ikkje synst serien klarte å halde seg på topp fram til slutten.

Eg har sett deler av The Sopranos fleire gonger mens eg venta på at dei neste sesongane skulle komme. Det var sagt ein gong at serien skulle gi seg etter fire sesongar. Hadde dette skjedd hadde heilskapen vore fullkommen, nær perfekt.

Sjette sesong var den siste, og blei delt i to. Første del var sorgfullt og kjedeleg. Ein serie skal ha lov å utvikle seg, utforske nye måtar å uttrykke seg på. The Sopranos var lenge ein frisk serie som tydde til slike metodar, men heldt alltid på det vesle ekstra som gav dette giv. Dessverre blei dette borte i femte sesong, og kom ikkje tilbake før i dei siste episodane av sjette.

Eg må sei meg fornøgd med konklusjonen. Det var fleire gode episodar mot slutten. Dei avslutta verdig med å gå tilbake til det gamle tempoet. Forutan dette vil eg ikkje sei stort meir. Men blei du blitt skuffa undervegs, så vil nok slutten vege opp igjen.

The Sopranos 1999-2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

5. april 2008 av

Merkelapp

HBO

Skapar

David Chase

Skodespelarar

James Gandolfini, Lorraine Bracco, Edie Falco, Michael Imperioli, Dominic Chianese, Steven Van Zandt, Tony Sirico, Robert Iler, Jamie-Lynn Sigler, Aida TurturroVis alle 1646 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Sopranos