The Spectre

Film · 2010 · · 18. juli 2013
3/5

The Spectre er ein av dei mange superheltefigurane du ikkje høyrer all verda om, men som tydelegvis er kjent nok til å få sin eigen kortfilm av DC.

Han er ein superhelt skapt av Jerry Siegel og Bernard Bailey, og har gjerne dukka opp i blada til andre superheltar, som Batman og også i Justice League.

The Spectre si greie er at han har eigenskapane til ein gud. Han kan for eksempel tenke seg til at ein person ikkje eksisterer, og så vil skje.

I kortfilmen The Spectre blir me i hovudsak kjent med figuren i ei heilt enkel detektivhistorie, som ikkje er verdt å skrive så mykje om i seg sjølv.

Eg hadde ingen kjennskap til denne figuren i forkant, og tykte at The Spectre var ein grei introduksjon, og ikkje så mykje meir.

IMDb-logo
The Spectre 2010 plakat - Filmdagbok