The Spoils of Babylon

Serie · 2014 · · 4. juni 2014
3/5

Miniserien The Spoils of Babylon frå det amerikanske kabelnettverkt IFC, produsert av Funny or Die, er ein parodisk komedie full av tåpelege innslag.

Serien parodierer episke drama frå 1970- og 1980-talet, om familie og livslange historier. I dette tilfelle er det om ein familie som blir rik på olje, ein adoptert son, romantikk og hat.

The Spoils of Babylon blir presentert av den fiktive skaparen til serien, Eric Jonrosh (Will Ferrell). Han legg ut om bakgrunnen for serien på alkoholisert vis, og introduserer handlinga og stjernene. Som Will Ferrell spelar dei andre stjernene, deriblant Tobey Maguire og Kristen Wiig, fiktive filmstjerner som igjen spelar ei rolle i serien.

Jonrosh introduserer dette som eit episk verk laga over tre år, og som før den redigerte serielengda på litt over to timar var på over 22 timer.

Men kjerna i serien er ei faktisk handling, og denne handlinga blir formidla på heilt greitt vis. Mykje humor, rask framgang, mange filmstjerner i håplause roller. Men det bevisst dårlege fungerer, både som komedie og som eit enkelt studie i filmatiske verkemiddel og klipping.

I lengda drar det ut. Strengt tatt er ikkje tåpelege og lange takingar min favorittform for humor, men i små doser har eg sansen for det. Men det er to sider av denne saka, for den beste delen av serien er nettopp det gjennomførte dårlege. Samtidig som essensen av dramaet som er kjerna i dei episke seriane som er parodiert er tatt vare på. Ut av dette kjem det fram at serieskaparane har sansen for både form og innhald, om enn vist på ironisk vis. Og denne gleda for mediet smittar.

IMDb-logo
TV Time-logo
The Spoils of Babylon 2014 plakat - Filmdagbok