The Spy Who Loved Me

Film · 1977 · · 15. november 2012
3/5

Roger Moore spelar James Bond for tredje gong i The Spy Who Loved Me. Eit poeng eg ikkje har tatt opp i samband med så mange James Bond-filmar er at ikkje berre skodespelarane går igjen, men gjerne regissørane. Dette er ein av dei tre filmane til Lewis Gilbert i ein slik samanheng.

Ingen av bidraga til Roger Moore til James Bond-verda scorar meir enn 3/5 hjå meg. Det er gjerne underhaldande, varierande og mykje som skjer. Men eg saknar spenning og ofte meir konkrete historier. Eg skal ikkje feie alle filmane under denne kammen, og nemner det mest for å forsvare dei mange gjennomsnittlege rangeringane mine.

Handlinga i The Spy Who Loved Me dreier seg omkring den kalde krigen. Ein gjengangar i mange av filmane. Her har nokon stukke av med eit atomstridshovud, både britiske og russiske. Det ligg an til ei krise.

Stromberg er skurken her. Og me møter karakteren Jaws, ein stor fyr med metalltenner, for første gang. Han skulle også dukke opp igjen i Moonraker.

IMDb-logo
The Spy Who Loved Me 1977 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Roger MooreBarbara BachCurd JürgensVis alle

Sjangrar