The Star Wars Holiday Special

Film · 1978 · · 12. desember 2009
1/5

Litt historie først. Denne tv-spesialen blei sendt for første gong på CBS i 1978 som ein høgtidsspesial. Ideen var forfatta av George Lucas, men han hadde ingenting å gjere med filmen utover ideen. Når han så såg resultatet nekta han tv-kanalen å sende filmen, men det stod i kontrakten at han skulle bli sendt minst ein gong. Resten er historie.

For meir enn ein gong blei han aldri sendt. Han har ikkje vore i nærleiken av å nå eit anna medium sidan. Heldigvis, viss det går an å sei det på den måten, var det nokon som tok opp filmen når han gjekk på tv.

Grunnen til at eg ville sjå denne greia, som eg aldri hadde høyrt om før eg las om han i teikneseriebladet M, var ei slags filmmelding i nummeret med tittelen M Superalbum. Mads Eriksen skreiv at The Star Wars Holiday Special var dårlegare enn det dårlegaste. Åtvaringa hans var på det sterkaste, men åtvaringar er ofte freistingar til å gå imot. Eller?

Bildekvaliteten var det første som slo i mot meg, som eit hardt og brunt slag i trynet. Ta noko av det dårlegaste du har sett, legg til ekstra støy, gjer det meir uskarpt og du har nesten kvaliteten her. Det er ikkje alltid bilde- og lydkvalitet skal ha noko å sei på ein film, så lenge ein film er god nok, så har eg tålt mykje. Men her blei eg kvalm.

Så til sjølve filmen. Historia er tam som ein fjert i verdsrommet, og då ser eg for meg at du ikkje kan lukte der. Det er som at du håpar på å måtte gå på do, så filmen kan spele vidare utan at du har sett han på pause – akkurat som på kino.

Dei musikalske innslaga måtte eg seriøst spole forbi. Då det var igjen 25 minuttar, fann eg fram eit teikneseriehefte og lét The Star Wars Holiday Special gå i bakgrunnen, med lågare volum for ikkje å gjere meg fullstendig galen. Ein plass går grensa for kva eg kan fullføre, og eg trykka stopp 10 minuttar før slutt. Men det var for seint. Handlingsreferat står over.

Musikken her er verdt å nemne igjen. Det høyres ut som ei atombomba speledåse her. Eg har sjeldan følt meg så tom innvendig som då eg pina meg gjennom dei første 20 minuttane med grufull musikk og uforståeleg wookie-snakk utan teksting.

Eg skriv ikkje særleg meir, du har forstått poenget. Det finst ikkje ein positivt ting å seie om dette. Eg er ein idiot som såg så mykje av han som eg gjorde, og veit ikkje heilt kva eg ville oppnå. Samanlikna med dei andre filmane eg har gitt den dårlegaste karakteren til på Filmdagbok, så er dette dårlegare. Ein så dårleg film skal eg aldri sjå igjen.

IMDb-logo
The Star Wars Holiday Special 1978 plakat - Filmdagbok