The Station Agent

Film · 2003 · · 30. mars 2006
4/5

Filmen er som hovudpersonen Finbar, litt knapp på dialog, men dette gjer at eg får god tid til å legge merke til det som gjer filmen så god og roleg: Fantastiske bildeutsnitt får meg til å føle ei god ro, samt av og til trekke på smilebandet.

Viss du er på jakt etter den type komedie som berre er ute etter å tene pengar utan å formidle noko av meining, ein masseprodusert Hollywood-komedie med sine setningsvitsar, så bør du skugge unna. Humoren her er ikkje nødvendigvis intelligent, men han er nok meir retta mot den ettertenksame.

Folka føre kamera verka velvalt. Peter Dinklage framstår som ein tilbaketrekt, men likevel ikkje patetisk, toginteressert mann. Michelle Williams, kanskje mest kjent frå serien Dawson's Creek, dukkar opp som bibliotekar. Og Bobby Cannavale gir oss livsglade, men innerst inne litt meir seriøse, Joe. John Slattery stikk hovudet innom døra, som den stramme dressen David, ei rolle som verkar som han er teken direkte frå serien Jack & Bobby, likevel om serien kom først året etterpå.

Dette var verkeleg ein film som fall i smak.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Station Agent 2003 plakat - Filmdagbok