The Stepford Wives
Fordi eg hadde sett The Stepford Wives før, var målet mitt denne gongen å finne ut ting som kunne vere avslørande når det gjaldt å vise at kvinnene var robotar. Men eg fann ut ganske fort at det ikkje var filmen til å forstå noko meir av andre gongen du ser han, trass i at avsløringane kjem meir mot slutten av filmen.
Skjønar du ikkje at kvinnene er robotar med ein gong du ser måten dei oppfører seg på, så har du skjønt lite. Introduksjonen var ei glede å sjå igjen, skikkeleg retro, og det er positiv meint. Elles vil eg seie at filmen er ein middels film, han var ikkje kjedeleg å sjå igjen, men var heller ingen oppvekkar.
Eg har ikkje sett The Stepford Wives frå 1975 endå, som har fått betre tilbakemeldingar, men likte uansett denne filmen passe bra.
Fargane og sjølve miljøet i Stepford er 1950-talet i overdriven og høgtidleg stil, og gjer latterleggjeringa av det perfekte god og tydeleg, men på ein morosam måte. Filmen lev som mange andre filmar ikkje opp til filmtraileren, utan at det trakk så altfor mykje ned. Ein liten ting som eg saknar var meir thriller. Hadde filmen vore skumlare, noko han absolutt hadde potensial til å bli, hadde han nok sett betre ut i mine auge.

Regi
Manus
Skodespel
Nicole Kidman • Matthew Broderick (I) • Bette Midler • Glenn Close • Christopher Walken • Roger Bart • David Marshall Grant • Jon Lovitz • Dylan Hartigan • Fallon Brooking • Faith Hill • Matt Malloy (I) • Kate Shindle • Tom Riis Farrell • Lorri Bagley • Robert Stanton • Lisa Masters • Christopher Evan Welch • Colleen Dunn • Jason Kravits • Emily Wing • C.S. Lee • Tony Torn • Mary Beth Peil • Andrea Anders • Mike White (I) • Carrie Preston (I) • Billy Bush • Tyler McGuckin • Nick Reidy • Sebastian Rand • Tanoai Reed • Blaise Corrigan • G.A. Aguilar • Meredith Vieira • Rick Holmes • KaDee Strickland • Larry King • Munro M. Bonnell • Michelle Durning • Kenny Kosek • Elizabeth Austin • Deanna Dys • Joanne DiMauro • Digene Farrar • Bernard Ferstenberg • James Peter Lynch • Shannon McGann • Cristin Mortenson • Elizabeth A. Patek • David Purves • Mark Vaughn • Sylvie Alaïs • Jennifer Alexander • Laquayva Anthony • Judi Beecher • Ariana Bernstein • Jess Berry • Jennifer R. Blake • Myriam Blanckaert • Linda Rivera Bradt • Steve Brown (XXVI) • Julie Carpenter • Kristin Stewart Chase • Michael Christaldi • Jane DeNoble • Deanna Destito • Dave Dyshuk • Lori Finkel • Jeff Hackenberger • Douglas Haddad • Amanda Hayes • Marianne Hettinger • Frank Hopf • Azel James • Wendy Johnson (IV) • Lyn Kagen • Vivian Kalinov • Joe Kane • Richard Lounello • Victoria Matlock • Vic Milberg • Tim Miller • Tarajia Morrell • Nicole Neeman • Richard O'Rourke • Colleen Pelletier • Maxwell Peters • Angel Reda • Dawn Ressy • Sal Rinella • Peter J. Rowan • Paul Thornton (I) • Mira Tzur • Jerome Vivona • Dan Weltner • Dennis Wit • Erika Woods • Danika Yarosh • Melissa Anne Young … Minimer … Vis alle