The Story of Luke

Film · 2012 · · 7. oktober 2015
3/5

I The Story of Luke får ein autistisk ung mann ein ny kvardag då verjet hans, bestemora hans, dør. Han flyttar inn hjå familien til onkelen sin, som på si side har nok problem frå før til å måtte tilpasse seg et nytt familiemedlem.

Men Luke fungerer på dei fleste måtar godt sjølv. Og med ein ny kvardag vil han også gjere visse endringar i rutinen og tilnærminga til verda. Det er i hovudsak dette The Story of Luke handlar om. Om møtet til Luke med nye folk og situasjonar.

Dette er ein typisk midt på treet-film. Stort sett god, men aldri veldig god. Morosam her og der, men mest sånn passe fornøyeleg. Aldri dårleg, men litt for lite skjer i blant til at eg kunne føle meg fanga eller fenga av historia.

Det er ein typisk film som gir eit lett og lystig preg på ein situasjon. Denne vinklinga set eg pris på. Her er det lite negativitet ute og går. Det er enkelte triste situasjonar, men ingenting som eg tolkar som meint til å gjere for mykje alvor ut av filmen.

Dessverre er også The Story of Luke noko anonym. Kanskje ein film eg gløymer fort, om det ikkje vil skje annleis når eg har sete ord på det no.

IMDb-logo
The Story of Luke 2012 plakat - Filmdagbok