The Straight Story

Film · 1999 · · 9. april 2006
4/5

The Straight Story er for meg ein ganske så spesiell film. Det er den første David Lynch-filmen eg har sett og fortstått. Det er ein rett fram film om ein mann som har fått beskjed om at broren har hatt slag. Han legg ut på ei 500 kilometer lang reise for å vise at 10 år utan kontakt stille mellom dei på grunn av krangel ikkje er ein verdig måte å avslutte livet på.

Hovudrolla i filmen, Alvin Straight, spelt av den no avlidne Richard Farnsworth, bygg ein tilhengar og legg i veg med ein plenklyppar av merket John Deere som går i knappe åtte kilometer i timen. Grunnen til at han bruker plenklyppar ligg i at han aldri har teke sertifikatet, og for så vidt har dårleg syn.

Turen frå Laurens, Iowa til Mt. Zion, Wisconsin er hovuddelen av filmen. Det er ei reise der Alvin møter mange sympatiske folk som han både deler livskunnskap og historier med. Alt skjer i eit tempo lik John Deere-plenklypparen, noko som er veldig behageleg servert med nydeleg filmmusikk av Angelo Badalamenti.

Filmen sparar heller ikkje på pene montasjar, som er med på å bidra til å gi ein god ro i filmen. Eg får lyst å trekke parallellar med The Station Agent, likevel om The Straight Story er hakket rolegare, og hakket meir alvorleg.

Sjølv om dette er nok ein film frå Disney basert på ei sann historie, så det er ingen grunn til bekymring. Dette er ikkje eit typisk Disney-drama. Og om eg verkar negativ til Disney-drama, så er det fordi eg så langt har fått eit middelmåtig inntrykk av filmane frå den kanten.

IMDb-logo
The Straight Story 1999 plakat - Filmdagbok