The Sun Is Also a Star

Film · 2019 · · 22. mars 2020
3/5

Eit romantisk drama sett til New York er dei enkle orda som lett plasserer The Sun Is Also a Star blant filmar. Dei gripande tema som blir vesentlege for skjebnane til dei to unge er utsending av landet og val av utdanning.

Den kvinnelege rolla, spelt, av Yara Shahidi, har vore i USA i mange år. Faren tok familien dit, men har blitt oppdaga som ulovleg innvandrar. Av den grunn skal dei bli sendt ut av landet. Når ho møter den mannlege rolla, har ho igjen eit knapt døgn før utreisa.

Den mannlege rolla, spelt av Charles Melton, kjem frå ein familie der foreldra forventar at han skal bli lege. Eit intervju med Dartmouth College står på trappa når han møter den kvinneleg rolla.

På eit vis overtalar han ho til å gi han ein sjans til å få ho til å bli forelska i han.

The Sun Is Also a Star er ein film av typen som klarar å fange eit stykke av det eventyrlege New York på film. Mykje av handlinga går føre seg i løpet av ein dag, og det skjer mykje og blir snakka om mykje i løpet av den dagen.

Dette er ein film som gir ei god kjensle, og som handlar meir om notida enn kva slutten av filmen blir. Sjølv om eg var spent på kva vending dette ville ta. Han held eit godt nivå, og kjennes ut som kinofilmen han er. Likar du romantiske drama så kan det vere ein fin film å sjå.

IMDb-logo
  • The Sun Is Also a Star 2019 plakat - Filmdagbok
  • The Sun Is Also a Star 2019 plakat - Filmdagbok