The Swan Princess

Film / 1994
3/5

Teiknefilm og prinsesseforteljing. Visse forventingar er knytt til denne samlinga av omgrep, og filmen svarte på forventingane.

Det handlar om ein trollmann som vil ta over eit kongedømme. Prinsessa får ein forbannelse på seg, og vert gjort om til ein svane. Berre i månelys vert ho seg sjølv som menneske att. Prinsen i historia blei forelska i prinsessa like før ho forsvann, og han gir aldri opp håpet om å få ho tilbake.

Dette er ikkje ein Disney-film, men kunne like godt ha vore det. Produksjonskvaliteten er ikkje heilt på nivået med det Disney gir ut, men ingrediensane i historie er like.

Det er ein lett og underhaldande film å sjå, og han har mange artige stunder og fine poeng. Samhandlinga mellom dyra i filmen, som me ser litt av på filmplakaten, er det beste for min del. Dei gjer det beste ut av evnene dei har, og prøver å hjelpe svaneprinsessa.

Av andre ting som er verdt å nemne er at hårsveisen til prinsen står i stil med prinsen sin hårsveis i Tri orísky pro Popelku.

The Swan Princess 1994 plakat - Filmdagbok