The Sword in the Stone

Film · 1963 · · 5. januar 2021
3/5

The Sword in the Stone er ein av dei mange Disney-klassikarane eg aldri tidlegare har tatt meg tid til å sjå. Likevel er det ei historie eg har vakse opp med, i brotstykkjer via ulike medium. Eg fann ein gong nokon utrevne sider frå ei bok med teikningar frå filmen og historien i tekstform. Ein annan gong har eg sett klypp frå filmen på tv, kanskje i ein kavalkade av eit slag. Men aldri i heilskap, før no.

Så kva tykte eg om filmen? Først vil eg sei litt om forventingane mine. Legenda om sverdet i steinen, ridderne av det runde bord og alt det der er ei eg har fått innblikk i via filmar, seriar og andre former i løpet av heile livet mitt. Sist var nok den alternative vrien i Netflix-serien Cursed. Tidlegare ei humoristisk forteljing i Monty Python and the Holy Grail. Sidan eg ikkje hadde sett meg nøyare inn i kva filmen skulle ta for seg, så forventa eg meir om og etter den unge Arthur trekk ut sverdet frå steinen. Men filmen har hovudtyngda si på Arthur og trollmannen Merlin i forkant av dette.

The Sword in the Stone er ein lystig film med mykje humor. Merlin er ein litt klønete trollmann. Arthur er ein eventyrlysten og litt naiv ung gut. Kombinasjonen er mange sprø situasjonar, og ikkje minst farlege. Men samtidig har filmen ei god oppfordring i botnen heile vegen, bruk hovud og tenk. Hjernekraft bør komme før fysisk kraft. Som den utålmodige guten Arthur er, så har han lyst til å få fortgang i livet og dei spennande delane av det. Då må læremeisteren Merlin på sitt pedagogiske vis forsøke å hjelpe Arthur i rett retning, noko han også treng hjelp til ei snakkande ugle for å få til.

Så sjølv om eg forventa litt meir av ei anna historie, og framleis kunne ha tenkt meg det etter filmen, så var dette slettes ikkje verst. Som er gode ord der eg kjem frå.

Les ei anna melding på cinerama.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Sword in the Stone 1963 plakat - Filmdagbok