The Terminator

Film · 1984 · · 1. oktober 2006
3/5

Dette er første gang eg ser The Terminator. Kanskje på tide vil nokon sei.

Sjølv tykte eg ikkje filmen verken imponerte eller skuffa. Han er grei som spenningsfilm og rettar som vanleg for science fiction eit negativt blikk mot cyborgar.

Det blir for føreseieleg til å vere spennande. Oppbygginga avslører når og kva som vil skje.

Utanom dette sit eg ikkje igjen med noko eg må skrive om. Arnold Schwarzenegger er morosam, men dei andre karakterane skil seg ikkje ut verken i ene eller andre retninga.

Andre deler av filmen blir i overkant prega av populærkulturen og motane frå 1980-talet.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Terminator 1984 plakat - Filmdagbok